Velkomen
Om prosjektet
Valget i 2011
Kristin Lavransdatter
Kontakt oss
Kristin Lavransdatter
Modig, romantisk & viljesterk

Om prosjektet

Respekt for kvarandres politiske ståstad

Vi kjenner kvarandre og held av kvarandre. Ulike politiske standpunkt er mindre viktige. Det er vår rolle innad og utad som skal verte lagt merke til.
Ei glad og sprudlande, kunnskapsrik politikerjente kan ingen stå for, heller ikkje media. Vi skal tydeleggjere at vi er til og vi er komne for å bli. Det kjem ikkje fleire kvinner og menn inn i politikken om vi ikkje greier å prate positivt om det vi får vera med på. Og det å ha ei hand på rattet i samfunnsutviklinga av ei kjær og nær kommune.

Kvifor slike prosjekt?
Om det hadde vore like mange kvinner som menn i kommunestyrene hadde eit slik prosjekt vore unødvendig. Slik er det desverre ikkje og ein naturleg samansetning av kvinner og menn er det samfunnet må spegle.

God omdømmebygging

Det er god omdømmebygging, det å nevna kommunenavnet minst ein gong om dagen i positiv betydning.
Er det vanskeleg? Nei, det er naturleg og det skal prosjektet vårt bidra til!

KRD står bak satsinga Utstillingsvindauga for kvinner i lokalpolitikken, der også fleire andre kommuner er med. Klikk her og les meir på KRD sine nettsider!
©Utstillingsvindauga for kvinner i lokalpolitikken 2010